top of page

songen og livet

"Songen og livet" er blitt overskrifta på mi verksemd som songar sidan eg for alvor byrja som frilans songar i 2007. Då hadde eg hatt ein heil del år med klassisk song i musikkstudiene, arbeidd nokre år som folkehøgskulelærar og sangpedagog  vore forsamlingsmusikar/lovsongsleiar og frilans dirigent. Sjølvsagt har eg sunge mykje lenger - heilt sidan eg var lita, både i heimen og i barnekor, ungdomskor og "vaksenkor".

 

Å synge om livet er vel ikkje noko nytt, men overskrifta seier noko om korleis song har prega mitt liv og mi historie, og at song er noko personleg - sjølv i det profesjonelle. 

Det er stor variasjon både tekstleg og sjangermessig - alt mogleg i landskapet mellom salmar, folketonar,viser, jazz, soul, pop og gospel. Å liste opp repertoar vil ta lang tid. Den klassiske utdanninga ligg i botn, og smelter saman til noko eg kanskje kan våge å kalle mitt eige uttrykk. Totaluttrykket varierer alt etter kven eg syng/spelar med. I eit samarbeid må alle "stemmer" få seie sitt med den historia dei har. I bloggen skriv eg litt om kvart prosjekt eg dokumenterer.   

klingenberg

Klingenberg består av musikarar og lærarar på musikkutdanning ved HVL Stord. Adressa til høgskulen er Klingenbergvegen, difor dette klingande namnet. Sjå fleire demoar i bloggen.  Vokal: Gunhild Aa. Rolfsnes, Ak.gitar: Åsmund Espeland, El-gitar: Jonas Selås Olsen, Bass: Frode Hammersland

Landskap2.jpg

foto og redigering: Gunhild Aa. Rolfsnes

LYKTE

LYKTE er ein duo som eg har saman med min livsledsagar gjennom mange år, John-Inge Rolfsnes. Sommaren 2020 gav vi ut vår første singel "Dagslys", som er å finne der du strøymer musikk, og under her. Under korona sette vi i gang med å lage låtar saman, nokon som resulterte i EP-en "Gull". Alle tekstane er på "storamål" - nynorsk dialekt, og vi lar oss inspirere mykje av jazzharmoniar og akkordprogresjonar, samtidig om vi ynskjer å halde oss innanfor vise/pop-sjangeren.
 

bottom of page