top of page

Som utøvar har eg sidan 2007 hatt mest vekt på song og akkompagnering. Eg har hovudfagsutdanning i musikkvitskap frå NTNU, der eg også hadde hovudinstrumentundervisning og eksamen i klassisk song. Etter utdanninga har eg som songar gått i andre retningar der eg utforskar varierte måtar å bruke stemma på. Mine musikalske røter og inspirasjon frå songarar og musikk eg har høyrt på eller høyrer på pregar meg som utøvar i song. 

 

Erfaringa som dirigent går lenger tilbake og er også ein stor del av utdanninga mi. Eg hadde emner med direksjon og korleiing både i grunnfaget og i hovedfaget.

Eg har brei erfaring innan korverda, både i forhold til nivå, størrelse, aldersgrupper, stemmesamansetning og sjangrar.

 

Som pianist starta eg med klassisk piano, før eg etter kvart gjekk over til meir bruks-. og rytmisk piano. Eg har brei erfaring med akkompagnering, både meg sjølv og andre (solistar, kor), spelar til allsong, og har mykje erfaring med samspel i band. Mest besifringsspel og improvisasjon, men kan lære meg ei note om eg får litt tid på meg. 

 

For meir detaljert informasjon - trykk på knappane under. (NB: det er eit stort arbeid å skulle dokumentere alt, dette er under utvikling. Men ta gjerne kontakt via kontaktskjema om du lurer på noko). 

bottom of page