Kva er verdiskaping?
- Gunhild Aa. Rolfsnes
- Mar 14, 2024
- 7 min read
Updated: May 15, 2024
Torsdag 14 mars 2024 - etter Vestland Fylkeskommune sitt forslag om å legge ned fleire linjer på Stord og Fitjar vgs, inkludert musikklinja. Dette er min respons.
"Eg har lenge tenkt på å skrive noko om “tingenes tilstand” for musikk. No vart eg tvungen av meg sjølv til å gjere noko med det. Det kjem til å bli rotete, for situasjonen vi står i er prega av eit rotete samfunn. Viss du orkar å lese eit stykke så kjem eg etter kvart til noko fornuftig. Kanskje er det noko anna eg snakkar om og så skjønar du likevel at det eg vil fram til er å bevare dei immaterielle verdiane i samfunnet vårt, det som skapar augneblinkar, bygger ånd og sjel, bind oss saman, bind meg tettare til meg sjølv. At sjølv om vi har dårleg råd så må vi velge å behalde dei praktiske, tilsynelatande “koselinjene” på vidaregåande. Dette er ikkje koselinjer, dette er livslinjer. Gøye livslinjer! Og forskning innan psykologi viser kor viktig det er å skape gode opplevingar for å bygge robuste menneske. Spør meg om referansar så skal eg finne dei.
Kanskje er det berre feeden min, men det eg les av meiningar om ting og tang er ofte i ein klagande stil, og eg har ikkje lyst til å klage. Mest sannsynleg druknar alle klagane i lyden av kvarandre og så vert det opp til nokon der ute å finne løysinga på ting. No skriv eg utan å tenke så mykje på perfekte formuleringar, og ynskjer å få nokre tankar eg har hatt lenge – ned på det digitale papiret. Og så får det bli som det blir. Kanskje vil nokon med beslutningsmakt lese og tenke og la tankane mine påverke deira tankar. Det som er flott med samfunnet vårt no til dags er at mange kjem på banen og ytrar sine meiningar, med stor fare for å bli høvla ned. Det er viktig å få fram flest mogleg perspektiv, men ofte vert debattar polarisert fordi berre nokre perspektiv tek ordet. For det er sjeldan berre to sider i ei sak. Det er så veldig mykje som heng saman med kvarandre. Også for kunstfaga – og no snakkar eg vidare om musikk sidan det er mitt fag og sidan musikklinja på Stord står i fare for å bli lagt ned. Musikkfaget slit på alle baugar og kantar. Vi må redde musikken, faktisk, ikkje kvele den. Det er ikkje bærekraftig for oss som menneske. Det var songen som bygde nasjonen vår. Musikklinjene bygger musikklivet og musikkfaget for framtida.
Eg har tenkt mykje på ordet verdiskaping. Regjeringar i Noreg er opptekne av dette. At vi skal ha stadig vekst og verdiskaping. Omgrepa vert knytta til økonomisk og materiell vekst for det meste. Velstand vert knytta til forbruk eller kapitalisme. Og eg ser jo sjølv at eg er oppteken av dette, eller, mest av å kunne vere gjeldfri før eg vert pensjonist g ha ei økonomisk arv å gje vidare til borna mine. Eg har ikkje lyst å vera fattig i dagens samfunn. Men det er ikkje det materielle som gjev meg glede. Heller ikkje å rase rundt i full fart for å rekke mest mogleg slik at eg ikkje har tid til å tenke eller sjå andre menneske. Eg trur ikkje det er bra å sette likskapsteikn kun mellom verdiskaping og folk si kjøpekraft. Eg treng ikkje å komme meg til Bergen på ein time, men det hadde jo vore fantastisk om det gjekk an. Denne type verdiskaping – kva vil den ha å seie for sjela vår? Vi er ikkje laga for denne farten! Vi må roe ned! Bygge langsamt! Vedlikehalde og omfordele ressursane utan å rive ut hjartet og sjela.
Då eg var ung - på 90-talet - kjøpte eg meg ei bok av Asle Finnseth - “Men gleden er et annet sted”, utgjeven av Kirkens Nødhjelp. Den handla om livsglede. Den sa mellom anna noko om at viss vi kun dyrkar det materielle og kun fokuserer på å auke produktivitet og forbruk – ser på aukande størrelsen på BNP som framskritt - så har vi ei forvridd tolking av kva velferd og verdiskaping eigentleg er. I 1994 skreiv han i denne boka: “Noen velger å kalle det for økonomisme. Selv velger jeg å kalle det for sykelig ensidighet. Den ensidighet som plukker ut ett av livets mange goder, og opphøyer det til det ene nødvendige”. Når vi no har “dårleg råd” så må vi ikkje gløyme at dei gode råda er dyrare enn dei andre råda. Kvalitet kostar tid og pengar og kan ikkje målast i inntjening. Akkurat no sparer vi pengar for å bygge einsidig og bygger dermed oss sjølv ned. Ungdommane våre. Framtida vår. Naturen vår. Og DER var eg inne i klagesongen (og Hordfast – det var heller ikkje meininga)– dette er ikkje lett!
Enormt mange unge slit. Antalet unge uføre skyt i taket. Psykisk helse, valdelege ungar, slitne og overarbeidde føresette, hjelpelause lærarar. Diagnostisering som ikkje hjelper. Kanskje er det ikkje så ille- kanskje er det berre ein bit av biletet vi får sjå. Men kva om det vert verre? Det blir ikkje betre av å snevre inn valg og å auke tempo i samfunnet iallfall. Dei immaterielle og andelege verdiane er viktigare enn nokon gong og må skjermast.
Tenk på samfunnet som ein kropp der alle delane er viktige. Vi kan kanskje klare oss utan ei tå, men vil vere eit haltande samfunn. Musikk er ikkje ei lita tå. Det er ein del av hjartet og sjela. Om sjela lid hjelper det ikkje kun å fokusere på det fysiske for å bli frisk. Eg tenker på det å uttrykke seg gjennom tonar, ord, kunst, dans som ein slags sjeleleg verdi i samfunnet vårt. Sjela - “soul” - er kjensler og erfaringar, det ekte ved oss menneske. Det som verkeleg får oss i kontakt med oss sjølv og kvarandre, det som bygger samfunnet si ånd. Dersom vi klarar å lytte til det, ta inn andre sine uttrykk, våge å uttrykke sine inntrykk. Bruke tid til å lytte og ta inn. Bruke tid til å skape og uttrykke. Å delta i fag som musikk er formande på heile mennesket. Å studere musikk er å lære om seg sjølv og andre. Å bli verkeleg god musikalsk utøvar er tidkrevjande. Å bli ein musikalsk deltakar øver opp evna til å kommunisere, mot til å ta beslutningar, justere seg etter andre sine meiningar – finne løysingar.
For eit par år sidan var eg i ein konfirmasjon der ein av gjestene dreiv eit IT-firma i London. Vi kom i snakk om dette med kreative og estetiske fag. Han fortalde meg at han alltid såg det som svært positivt dersom ein jobbsøkar hadde studert musikk, kunst, drama, dans eller andre kreative studier. Det var faktisk noko som gjorde at dei fekk jobb hos han. Eg trur mange føresette er redde for dei unge si framtid dersom dei vel å fordjupe seg i musikk eller studere musikk for ein trur at det kun er mogleg å vere frilans
musikar som lever frå hånd til munn. Men slik er det ikkje. Ei slik utdanning er aldri forgjeves. Mange endar opp i andre yrke, eller blir lærarar (eg skulle aldri bli lærar - mest fordi eg trudde eg ikkje hadde det i meg). Og mange vert musikarar som gir tilbake til samfunnet og lever godt med det dei brenn for. Lager musikk for seg sjølv og andre.
Eg sjølv gjekk på musikklinja frå 1990-1993. Eg har ofte tenkt at eg har hatt superflaks som vaks opp på Stord, på 80-talet med alt som skjedde av musikalsk utvikling på den tida, eg fekk gå på musikkskulen sjølv om foreldra mine var på knea etter renta steig til 17% (!!!!!), og kunne velge å ta gymnaset på musikklina som berre var nokre år gamal. Eg var ikkje ein person som gjorde veldig mykje av meg, eg var sjenert og hadde prestasjonsangst, dårleg sjølvbilde og øvingsfobi. Eg presterte godt i musikkteori, høyrelære og musikkhistorie og tenkte aldri på at eg nokon gong skulle bli ein utøvande musikar. Eg hadde ikkje fanari om kva eg skulle bli. Klassisk piano var mitt hovudinstrument, eg fekk synge og spele bass som biinstrument. Eg var ok. Etter kvart som vi fekk faget direksjon oppdaga eg at det var noko eg også meistra og hadde stor glede av - å leie andre i musikalsk aktivitet og uttrykk. Det gav meg også tidleg praktisk erfaring med pedagogikk og eg erfarte konkret korleis musikk kan byggast opp frå ein enkel skala til noko veldig komplekst. Lytting, musikkhistorie og musikalsk analyse lærte meg å skrive objektivt og akademisk på ein heilt annan måte enn eg gjorde i norskfaget. Å beskrive det ubeskrivelege med ord – har du prøvd det? Utan å vere subjektiv? Eg lærte meg å forstå mange ulike musikksjangrar. Då eg skulle utdanne meg vidare valde eg å søke på musikk grunnfag i Staffeldtsgate og kom inn. Eg bytta til song som hovudinstrument og hadde fordjuping i korleiing. Eg visste framleis ikkje kva eg skulle bli. Men ved å bygge stein på stein, og studere det eg hadde interesse for, vart vegen min forma og eg har aldri angra på noko. Eg studerte musikkvitskap mellomfag og hovudfag der eg kunne fokusere på fleire fag enn berre det utøvande, for som sagt – eg var ikkje så glad i å øve. Men også øvinga vaks på meg etter kvart som eg såg at eg kunne utvikle meg og bli betre. Eg fann mi eiga stemme mange år seinare. Eg fann motet mitt gradvis og skjønte at også eg hadde noko å kome med musikalsk. I dag kombinerer eg det utøvande med undervisning.
Eg lurer på kvar eg hadde enda opp dersom eg ikkje hadde gått på musikklinja. Kvar ville eg ha passa inn? Det la grunnlaget for alt, og gjorde at eg kunne ha det kjekt medan eg fann ut av kva eg skulle bli. Slitsomt og hard arbeid, men kjekt. Og eg trur at eg gjorde det godt i dei andre faga også fordi at eg hadde det kjekt. Og i ettertid ser eg at det var så mykje meir.

Comments